Smålotteri og offentlig skole

Smålotteri

Smålotteri skal meldast inn til Lotteritilsynet og blir difor også omtala som meldingslotteri. Lotterilova definerer smålotteri som vanlege lotteri med omsetning opp til 200 000 kroner der sal av lodd går over meir enn ein dag. Så lenge den samla omsetninga ikkje overstig dette beløpet, kan ein organisasjon gjennom eit kalenderår arrangere fleire slike lotteri.

Frivillige og humanitære organisasjonar

Lotterilova seier at det er organisasjonar som er godkjende som lotteriverdige som kan arrangere smålotteri. I tillegg kan også frivillige og humanitære organisasjonar arrangere slike lotteri. Det er då eit krav at inntektene frå lotteriet ikkje skal gå til kommersielle eller offentlege føremål.

Offentlege skular

Ein offentleg skule, skuleklasse, foreldrerådets arbeidsutval og andre grupperingar der aktiviteten blir definert gjennom skulelova, vil ikkje bli vurdert som frivillige organisasjonar.

17. mai-arrangement

Det einaste unnataket frå denne regelen er smålotteri til inntekt for 17.mai-arrangement. Alle inntektene frå lotteriet skal då gå til avvikling av arrangementet i seg sjølv, og ikkje til andre føremål i, eller i regi av, skule, skuleklasse og foreldrerådets arbeidsutval.

Grunngjeving

Grunnen til at inntekter frå lotteri ikkje skal gå til offentlege institusjonar er at lotterilova tar sikte på å kanalisere midlar frå slike aktivitetar til humanitære føremål og til det frivillige organisasjonslivet i Noreg. Offentlege budsjetterte institusjonar får difor ikkje høve til å arrangere slike lotteri.

Basar/lynlotteri

Vi gjer merksam på at offentlege institusjonar likevel kan arrangere basar/lynlotteri. Dette er ein situasjon der loddkjøpar med ein gong etter loddkjøp, eller i løpet av arrangementet loddet blir selt under, seinast i løpet av ein dag, får vite resultatet av trekninga. Her er det ein føresetnad at pris per lodd ikkje er over fem kroner. Enkeltgevinstar kan heller ikkje ha større verdi enn 8 000 kroner, og samla gevinstverdi skal ikkje overstige 40 000 kroner. Basar/lynlotteri skal ikkje meldast inn til Lotteritilsynet.

Informasjon/kontakt

Meir informasjon finn de på våre nettsider: www.lotteritilsynet.no. Eventuelle spørsmål kan rettast til: e-post: post@lotteritilsynet.no. Telefon: 57 82 80 00

Last ned hele informasjonsskrivet her i pdf.

Gå til FAU sin side på www.salangen.kommune.no